Dyrestell, hagebruk, skogbruk, ta hand om besøkande på garden, og vedlikehald av bygningar og gjerder.
I samarbeid med Soltun Besøksgard as kan me tilby AFT-plassar til arbeidstakarar.
Soltun ligg lengst ute på Garnestangen og er ein gard som drivast med stort fokus på menneskjer. Her jobbar Renate Ådland som er utdanna anleggsgartnar og Andreas Gjerstad som er utdanna lærar i naturbruk og veterinær. Me har mange forskjellege dyr på garden, me har hestar, grisar, sauer, høner, duer, katt og hund. I tillegg skal det settast i gang med grønsaksproduksjon på garden, som vert eit nytt og spennande prosjekt for soltun.
Garden tilbyr ulike tenester som arbeidstrening, dagtilbod til dagsenter, timeavlastning, kurs og undervisning, og utleige av garden til organisasjonar, foreiningar og privatpersonar. I tillegg arrangerast det jevnleg open gard på laurdagar gjennom året.
Garden er tilrettelagt for rullestolbrukarar og ein viktig del av den dagelege drifta er dagtilbodet til dagsenter som kjem på besøk 2-3 gangar i veka. Dei kjem til garden for å helse på alle dyra, køyra med hest og vogn, ri, hjelpe til på garden, og ete lunsj i den fine gammen vår.
Ein typisk dag på Soltun begynner med dyrestellet (fore dyra, gje dei vatn, fjerne møkk), ta imot dagsenter, og så tek vi lunsj i garden kafe. Etter lunsj gjer me førefallande arbeid, dette kan være alt ifrå generelt vedlikehald, bygge noko nytt til dyra, skogbruksarbeid, trene hest, luke i beda, klippe plenen, pusse utstyr og verktøy, etc.
Soltun er ein passande arbeidsplass enten du likar å halde på med dyr, plantar, folk, eller at du berre er glad i godt og variert fysisk arbeid
Arbeidsoppgåver som er relevante for AFT:
- Stell og trening av dyr (hest, sau, høns, gris, duer, katt)
- Hagebruksarbeid (så, prikle, plante, luke og hauste i grønsakshagen. Stelle gardens prydbed)
- Skogbruksarbeid med motorsag og vedkløyvar
- Vedlikehald av bygningar og gjerder
- Ta hand om besøkande som kjem til garden
For vidare informasjon eller besøk, kontakt oss:
Adresse:
Garnestangen 60,
5264 Garnes
Telefon: 46827307
E-post: post@soltunbesøksgard.no
Nettside: www.soltunbesøksgard.no
Er du interessert i tiltaksplass her, ringer du veileder på Bjørkhaug på tlf 47 97 61 56